AMBASSADØR

Tanja Christine Gaivoronski stiller gjerne opp for andre

Sping i utlandet: Tanja deltek gjerne i løp i utlandet. Her frå Zürich Marathon. (Foto: Andy Astfalck)

Tanja (34) spring alt frå korte løp til maraton og 24-timarsløp. Under Sparebank 1 SMN Trondheim Maraton spring ho for å hjelpe ein god ven under 2 timar på halvmaraton.

Tanja er ambassadør for Sparebank 1 SMN Trondheim Maraton, og ho er ikkje berre oppteken av eigne prestasjonar når ho stiller til start.

– Eg synes det er utruleg hyggeleg å vere med uansett. Denne gongen er målet å få ein god venn under 2 timar på halvmaraton. Det blir utruleg artig og givande, seier ho.

Tanja startar sesongen i år med Milano Maraton den 3. april. Berre tre veker seinare sprang ho Sentrumsløpet.

Spring både heime og i utlandet

Turen til Milano var ikkje den fyrste deltakinga i eit utanlandsk maratonløp for Tanja. Fyrste gongen ho drog utanlands for å springe maraton var i 2015. Då sprang ho Barcelona Maraton.

– Eg hadde då aldri sprunge maraton før. Eg var eigentleg heilt fersk som løpar. Fram til året før hadde eg mest trena styrke og vore med på gruppetimar på treningsstudio. Om eg sprang, var det berre nokre kilometer på ei tredemølle, seier Tanja.

Men så klarte ein god venn å lokke henne til å melde seg på halvmaraton i Sparebank 1 SMN Trondheim Maraton i 2014.

– Eg hadde aldri sprunge så langt før. Det lengste eg hadde sprunge utandørs, var 10 kilometer. Det vart utruleg tungt mot slutten av løpet, og eg var heil utsliten då eg kom i mål. Eg kunne ikkje fatte at det faktisk fantes nokon som sprang enda lenger. For meg var det heilt utenkeleg å skulle vere med på maraton, seier Tanja, men innrømmer at noko hadde skjedd. Ikkje lenge etter starta tankane å spinne rundt det å skulle springe enda lenger. Kanskje skulle ho prøve seg på ein maraton?

– Det gjekk ikkje lange stunda før eg meldte meg på Barcelona Maraton 2015. Kvar kilometer etter passert halvmaraton var ein ny distanserekord. Det var ei heilt utruleg oppleving å kryssa den målstreken, fortel ho.

I dag har Barcelona Maraton vorte ein årleg tradisjon. Det er òg her ho har sett rekorden sin på 3.33 på maraton.

Lett å bli riven med

Etter kvart fekk Tanja struktur på treninga si. Gradvis vart ho van med å springe langt utandørs, og i 2018 vart ho på nytt utfordra. Denne gongen av ein kollega. No skulle ho springe eit ultraløp på 70 kilometer i fjella rundt Meråker: Meråker Mountain Challenge med totalt 4000 høgdemeter fordelt på dei 70 kilometerane.

– Det vart ein heftig fjelltur som varte i heile 16 timar, fortel Tanja og legg til at løpet òg var NM terrengultra det året.

– Mange av dei beste ultraløparane i Noreg var med, og det var utruleg kult. Samtidig følte eg meg særs malplassert, fortel ho.

– Eg fekk ein tiandeplass i NM. Det var berre elleve damer med, men utruleg stas å kunne skilte med ein tiandeplass i NM, flirer ho.

I fjor toppa ho det heile med å springe 135 kilometer i 24 Hours in Hell. Her var løypa flat, og målet var å springe så langt ho klarte i løpet av 24 timar. Då kom Tanja på ein niandeplass av 19 damer.

– Eg trudde aldri eg skulle gjere det igjen, men no er eg på nytt meldt på 24 Hours in Hell. Målet er å prøve å springe enda lenger enn sist, seier ho og legg til at i tillegg til å prøve å perse på 24-timarsløp, vil ho òg prøve å forbetre tida si på maraton. Siste sjanse for det blir i november. Då skal ho springe New York Marathon for fyrste gong.

Spring seks gonger i veka

For tida trener Tanja etter eit treningsprogram ho har fått av triatlet Anders Muren som òg er ASICS Frontrunner. Her har han lagt opp til seks løpeøkter i veka.

– I hovudtrekk kan vi seie at eg spring ei rein intervalløkt i veka, ei økt der eg vekslar på å springe roleg og på terskel, ei tempoøkt og to rolege økter der den eine er ein langtur opp mot tre mil, fortel Tanja.

Intervalløkta kan til dømes vere 6 x 4 minutts intervalldrag.

– Eg plar variere dragtida slik at eg ikkje blir så lett lei, fortel ho.

Under terskeløkta kan ho veksle mellom å springe 2 kilometer roleg, og deretter nokre kilometer fort, før ho igjen spring 2 kilometer roleg.

– Nokre gongar spring eg 4 kilometer på terskel. Andre gongar 5, 6, 7 eller kanskje til og med 9 kilometer på terskel. Mellom terskeldraga spring eg 2 kilometer roleg, fortel ho.

Tempoøkta kan vere ein 10-kilometer som startar roleg, men der ho spring fortare og fortare utover i økta.

– Langturane er viktige. Dei både herdar føtene til å tole lange distansar, og dei gjer òg at eg klarer å springe fortare, seier ho og legg til at persen på maraton sette ho etter å ha sprunge tre maratonløp på 35 dagar. Eg hadde ein del opplevingar å ta igjen etter eit avbrot på grunn av korona, fortel ho.

I tillegg til å springe seks gonger i veka, legg ho òg inn to økter med styrketrening.

– Styrketrening er viktig om ein skal halde seg skadefri, seier Tanja som òg er instruktør på fritida på treningssenteret 3T Midtbyn i Trondheim. Der har ho både to spinningtimar og ein tabatatime i veka.

Treningsstudio: Tanja både arbeider og trener på treningsstudio.


Litt meir om Tanja Christine Gaivoronski

Alder: 34 år
Bustad: Trondheim
Yrke: Controller hos Polaris Media
Sivilstatus: sambuar
Sport: Springing
Persar:

  • 10 kilometer: 45.33
  • Halvmaraton: 1.41.39
  • Maraton: 3.33.08
  • 24-timars: 135 km

Merittar:

  • 10. plass i NM terrengultra
  • Fullført 24-timarsløp pluss 4 maratonløp på 11 veker hausten 2021
  • Maraton- og halvmaratonpers under maraton nummer 3 på 35 dagar

Her er Tanja sine styrkeøvingar

Den eine økta:

  • 3 x 10 utfall bak med hantlar, per bein
  • 3 x 8 skulderpress (militærpress)
  • 3 x 8 ståande roing med stong
  • 3 x10 ettbeins hip thrust med hantel
  • 3 x 6 knebøy (tung vekt)
  • 3 x 8 strake markløft (for å styrke hamstring)
  • 3 x 10 hip abductions i kabel
  • 3 x 8 face pulls
  • 3 x 8 triceps i kabel

Den andre økta:

  • 4 x 30 hip abduction i apparat
  • 3 x 10 step-ups på kasse, per bein
  • 3 x 10 magerulle
  • 3 x 10 rygghev i apparat med vektskive
  • 3 x 8 nedtrekk
  • 4 x 10 tåhev med vekt
  • 3 x 10 sit-ups med vektskive
  • 3 x 10 glutemaskin (spark bak), per side

© Alle rettigheter. Kondis 

Til toppen